top of page

BOB skjulte skattar: "Under The Silver Lake"


Grafikk: Casper Sørestrand


I denne nye artikkelserien skal filmelskarar og -formidlarar Casper Sørestrand og Andreas Moldung tilrå filmar som kan lånast på Bergen Offentlege Bibliotek (BOB). I desse artiklane finn du alt frå camp-klassikarar, via høgstemte svart-kvitt drama, til dei særaste indie-filmane. Dagens artikkel tek for seg «Under The Silver Lake» (2018).


I 2018 vart filmen «Under The Silver Lake» gjeven ut. Filmen handlar om Sam, ein 33 år gammal mann med interesse for konspirasjonsteoriar. Sam møter hans nye nabo, Sarah, som inviterer han heim til seg. Sara foreslår at dei skal møtast igjen neste dag, men dagen etter vert det vist at Sarah har flyttet. Filmen følger så Sam som prøver å finne ut kva som skjedde med Sarah.


«Under The Silver Lake» vart møtt med ganske middelmåtig kritikk. Trass i denne kritikken meiner eg at filmen er verdt å sjå. Kvifor sprø du? Vel, filmen er berre så utroleg spesiell. Den krev at ein må tenkje godt gjennom for å få ei forståing for den. Filmen liknar veldig på «Mulholland Drive» og «The Lighthouse». Akkurat som dei er «Under The Silver Lake» rar, smart, tydingsfull og kreativ.


For å forklare så mykje som mogleg utan å avsløre for mykje, tek filmen for seg Hollywood og kultur mellom kjendisar, og kritiserer dagens amerikanske kjendisar sin sjølvviktigskap og fascinasjon rundt konspirasjonar. Filmen handlar om mykje meir enn dette også, difor anbefaler eg ein kvar å tolke den på eigen hand.

"Under The Silver Lake" inneheld store mengder koder og mystiske symbol. Det er til dømes ein rekke morsekoder i bakgrunnen av nokre scenar som kan dekodes for å finne djupare meining i filmen. Den er med andre ord laga for å analyserast!


Filmen er også teknisk imponerande med kjempegod kinematografi og bra skodespel. Spesielt Andrew Garfield fortener ein hyllest for sin rolle som Sam. Å sjå han spele ein dritsekk er ein fryd. Scenografien må også nemnes; vi blir vist nye, spennande og interessante stader heile tida.


Før eg avsluttar vil eg berre understreke verda og karakterane i filmen - både verda og karakterane er så fargerik og kreativ!


Om du er usikker på om denne filmen er noko for deg anbefaler eg deg å sjå denne lille teaseren:

54 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2_Post
bottom of page