På fisketur med John – BOBs skjulte skattar



Ingress: I denne nye artikkelserien skal filmelskarar og -formidlarar Casper Sørestrand og Andreas Moldung tilrå filmar som kan lånast på Bergen Offentlege Bibliotek (BOB). I desse artiklane finn du alt frå camp-klassikarar, via høgstemte svart-kvitt drama, til dei særaste indie-filmane. I denne artikkelen kan du lese om Fishing with John (1991).

I HBOs nye serie, Painting with John (2021), møter vi musikar, malar og skodespelar John Lurie, 68 år gamal. Dette er truleg eit namn som ikkje alle er kjend med. Derfor vil eg gjerne gje deg, lesaren, ein essens av kven Lurie er. Eg siterar det forfattar, kritikar og einhjulssyklist Erlend Loe skriv om han i sin melding av den førnemnde serien: «Han hadde en utenomjordisk oppløftethet, som om ingenting betydde noe som helst for ham. […] Jeg var bergtatt av Lurie. Av utseendet og selvsikkerheten, men også av måten han signaliserte at han var avkoblet fra verden på. Han hadde tilsynelatende fullt opp av alt det jeg selv skulle ønske at jeg hadde.» (https://www.aftenposten.no/kultur/i/3952GL/tv-anmeldelse-i-painting-withjohn-moeter-du-den-makeloese-john-lurie)


John Lurie er altså eit ganske ikonisk namn, og dei som kjenner til han, veit at han er ein usannsynleg interessant type, stappa full med spanande anekdotar og god humor. Til dei som ikkje kjenner til Lurie har eg berre ein ting å seie: ta første Bybane til ditt nærmaste bibliotek, og lån Fishing with John (1991).


I likskap med Painting with John, er Fishing with John ein serie av og med John Lurie. Konseptet til serien er at sjåaren blir tatt med på fisketur saman med Lurie (som har nær ingen erfaring med fisking) og gjestar som Jim Jarmusch, musikaren Tom Waits og skodespelaren Willem Dafoe. (Ein av dei mest minneverdige augneblinkane frå serien er når Dafoe ligg i ei sovepose og seier til Lurie: «You know what? I get kind of sweet when it comes to bedtime».) Serien tar med sjåaren mellom anna til Montauk utanfor New York, Jamaica og Thailand, så om du har blitt reisesjuk under pandemien, kan dette vere ein god medisin.


Dette er ein serie med enorme mengder sjarm. Frå den nærmast bisarre voice-over-stemma («Ahhh … Fishing!»), til musikken laga av Lurie sjølv, til dei kameratslege samtalane mellom Lurie og gjestane. Du har sikkert fått nok serietilråingar frå før, men om du treng ein serie å slappe ordentleg av med, kan eg ikkje tilrå mykje anna enn John Luries Fishing with John. Til dei som allereie er blodfans av Lurie, kan eg til dømes tilrå å sjå heile serien med kommentarspor frå sjølvaste John. Dette finn du på DVD-en frå The Criterion Collection, som du kan låne på BOB.

126 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle