Klimakutt 101: Bankar

Med ei innkommande klimakrise, og med få teikn til motverkande handling frå politikarane, står tiltak mot klimaendringar høgt på dagsorden hos mange folk.


Til tross for at klimaet er eit såpass heitt tema er det framleis store spørsmål som blir stil ved korleis me skal klara å løyse dette problemet. Ein av dei store debattane om klimaendringane går på om det helst burde gjerast nettopp politiske motverkande tiltak, eller om kvart einskildmenneske burde ta meir ansvar. I mine auge er det derimot heilt krystallklart at me ikkje kan setje all vår tillit til berre éin av desse tiltaksmetodane.

Det trengs eit aktivt samarbeid mellom båe einskildmenneske og politikarane om me skal kome i nærleiken av å nå Parisavtalen.


Men medan det er lett for politikarar å seia at ein må kutte utslepp i ulike sektorar, så er det ikkje fult så lett for einskildmenneske. Søking på verdsveven er nemleg ein labyrint full av fake news og personlege meiningar til folk på «Yahoo answers» og «VG debattforum». Derfor vil eg snakka om eit tiltak som kan vere det viktigaste du kan gjere for kloden - å tenkje nytt når det kjem til bankar.


Tek eg ikkje feil er ikkje bankar det du tenkjer mest på i kvardagen. For mange av oss er bankar berre ein stad kor du oppbevarer pengane dine, for at dei om ørten år kanskje vil vere verdt eit par hundre kronar meir. Banken er som regel ein stad foreldra dine har vald for deg, for å oppbevare pengane dine, og om du ikkje er spesielt interessert, så har dei vel meir peiling enn du.

Dette var i alle fall det eg tenkte, heilt fram til eg for ikkje så lang tid sidan leste ein artikkel frå Framtiden i våre hender, som handla om kor stor påverknad bankar eigentleg har på klima.


Løyndomen bak dette ligg i korleis bankar i utgangspunktet fungerer og er lønsamme.

Eg har ikkje mykje peiling på bankar, men på det aller enklaste nivået, fungerer dei ved at du, som kunde, sett inn sparepengane dine der. I banken blir ikkje pengane berre liggande i eit stort kvelv, klare til å takast ut når du enn ynskjer. Bankane låner med ein gong ut dei pengane du har sett inn. Dei låner, til dømes, ut pengar til folk som ynskjer å kjøpe bustad, eller til selskap som treng pengar for å gjere ulike investeringar og innkjøp. For at denne verksemda skal vere lønsam for bankane, må ein betale tilbake meir pengar enn det ein lånte i utgangspunktet, og dette er i hovudsak kva renter er. I seg sjølv er ikkje dette noko problem. Problemet kjem når ein innser at ingen kontrollerer kven banken låner pengane dine ut til.


Så i røynda, anten du vil eller ikkje, er det ingen måte å vite om pengane dine har blitt brukt til å starte opp ein hyggjeleg, lokal kafé, eller om dei har blitt lånt bort til selskap som driv med masseavskoging og menneskerettsbrot i Brasil.

Avhengig av kor mykje pengar du har i banken og i kva for ein bank du har pengane dine, vil den banken du vel mogelegvis vera ansvarleg for ein uhøveleg stor del av klimagassutsleppa dine.

Det vil seie at eit miljøsvin potensielt kan fortsetje å leve akkurat som hen vil berre hen skiftar til ein miljøvennleg bank. Akkurat kor miljøvennleg banken din er, har vore vanskeleg å seie fram til no. I samarbeid med Forbrukerrådet, har Framtiden i våre hender skapa nettsida www.etiskbankguide.no, som rangerer norske bankar etter kor gode dei er på områder som klima, jamstilling, menneskerettar og mykje meir. Heldigvis har dette vore med på å auke fokuset på etikk i bankanes forretningsmodell, men utanom Cultura Bank, som ligg på ein solid fyrsteplass, er vegen framleis lang å gå.

Min generasjon blir stadig minna på at me er dei siste som kan gjere noko med klimaendringane. Samtidig er flesteparten av oss endå så unge at me ikkje har hatt tid til å utrette noko som helst.


Etter mi meining er dette heilt ufatteleg, og det gjer meg trist at me er dei som må rydde opp etter dei førre generasjonane, blant anna ved å ofra vår eiga økonomiske tryggje.

Eg håpar at du, om du har høve, vurderer å skifte til ein betre bank, og i alle fall bidreg til endring ved å snakke med foreldre og vaksne, og ikkje minst bankane sjølv.

Eg håpar du går inn på etiskbankguide.no for å senda eit klagebrev til banken din, ved å skriva inn namn og e-postadresse, om at dei må gjere meir. Ikkje minst håpar eg at du sjølv lærar om dette utruleg viktige problemet.


Heilt til slutt syns eg det er verdt å nemna at den politiske handlekrafta er minst like viktig som den individuelle om me skal greie å kome oss gjennom klimakrisa. Derfor burde me kanskje starte med dei som låner ut mest pengar til avskoging og menneskerettsbrot, nemleg Oljefondet og den norske oljeindustrien.



12 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle