Jakta på den ultimate mjølkerist


Mjølkerist, eller skakamjølk, på opphavsspråket kalla «milkshake», er det beste amerikanarane har gitt oss sidan ljospæra. Nokon (vi) vil til og med påstå at den mjølkbaserte leskedrikken er essensiell i vegen mot lykke. Difor gjev vi oss ut på denne jakt; jakta på den ultimate mjølkerist. Av typen Oreo, fordi vi ikkje liker å gjere ting halvveges; la USA gjennomsyre oss alle. Amerikaniseringa flyt i våre årar!


#1

Stad: TGI Fridays Ole Bulls plass

Pris: 79,-


Utsjånad: Oreo-delikatessa vert passande nok servert av ein amerikansk kelner med ein svulmande aksent, og alle lokalets vegger er dekka med «vintage» amerikanske reklameplakatar. «Shaken» får vi i eit stort vassglas, toppa med ei pen kremtopp og ein Oreo-kjeks på snei. Sugerøyra er av plast (takk Gud), i perfekt storleik for mjølkerist-fortæring.

Perfekte sugerøyr!


Smak: Umiddelberre tankar etter første sup: du kjenner isen, og du kjenner oreoen. Skakamjølka er skikkeleg mjuk og rund mot tunga, heilt fri for bitar av noko som helst slag.

Han er heilt rein og flyt som ein elv av herlegheit ned halsen. Oreo-smaken er altoppslukande og overveldande, på en veldig bra måte.

Etter å ha stavra oss på beina etter den fyrste gastronomiske sjokkbølgja, konstaterer vi med at det ikkje hadde vore så dumt å bevare nokre av bitane i denne mjølkeristen. Etter kvart som ein jobbar seg (ganske fort) ned i glaset, får ein kjensla av å eigentleg drikke smelta is (med intens oreo-smak). Konsistensen alluderer ikkje så reint lite til barndomens middagsbesøk, då vi rørte all isen på fatet saman til ei flytande is-suppe og helte nedpå.


Det er ikkje godt å seie om shaken er tynn, eller om vi berre har veldig mykje vatn i munnen.

Uansett gjer oreo-kjeksen på toppen av verket ein halvhjarta freistnad på å ro det heile i land, men som sagt; hadde ikkje skada med noko å tyggje på her.

Ifølgje Åsne kan kjeksen mellombels også fungere som ei lita bjørneteneste for milkshaken, då kontrasten mellom ekte vare og syntetisk framstilling vert ganske tydeleg. Etter å ha konsumert sjølve opphavet til hans eksistens, smakar mjølkerista litt mindre ekte oreo.


Men alt i alt; ein solid milkshake! Han tilfredsstillar alle våre behov, båe med tanke på sukker og amerikanisering.

Lokala til Fridays, val av musikk og dei besøkjande inkludert, var vi litt mindre begeistra for, men det satt ingen stopper for den gode opplevinga. Mjølkeristen var rett og slett DIGG!


Karakter: 4.5 av 6 oreo-kjeks



Skrevet av: Laura Wanvik

Illustrert av: Åsne Meltvik


81 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle