Illustrasjon av Casper Sørestrand
På fredag 16. oktober blei historielæraren Samuel Paty drepen i Yvelines i Frankrike. Læraren vart drepen på den mest forferdelege måten, etter å ha nytta ytringsfridomen sin i klasserommet, der han i undervisningssamanheng viste bilete av profeten Muhammad til skuleklassen sin. Det er stor semje om at Paty gjorde alt riktig, sidan han ikkje tok fram bileta for å provosera, men ga ei åtvaring om kva han skulle gjere og ga elevane sine moglegheita til å snu seg eller forlata klasserommet før bileta var framsynte.
Tusanvis av franske innbyggarar samles ved Place de la Républice i Paris for å minnast Samuel Paty, og demonstrere mot begrensinga av ytringsfridomen
I kjølvatnet av denne forferdelege hendinga har store demonstrasjonar funne stad. Og saka har skapt stor debatt her heime og. Temaet ytringsfridom har blitt diskutert og særleg har ei etterrøking frå 2014, gjennomført av Fritt Ord, blitt trekt fram. I etterrøkinga fann Fritt Ord at nordmenn byrjar å villa gje slepp på meir fridom, og då dei fekk valet så prioriterte fleirtalet trygd frå terror, personvern, vern av religion, vern mot rasisme og vern av born og unge, framfor ytringsfridom. Fritt Ord sin direktør Knut Olav Åmås, sa om dette at «Mange er tydeligvis villige til å begrense den langt utover lovverkets grenser, og vil helst ikke se og høre for mye av det de ikke liker eller er redd for. Det er sterkt bekymringsfullt i et fritt og åpent samfunn som Norge.»
Direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, sier at «Mange er tydeligvis villige til å begrense den langt utover lovverkets grenser, og vil helst ikke se og høre for mye av det de ikke liker eller er redd for. Det er sterkt bekymringsfullt i et fritt og åpent samfunn som Norge.»
Men er eigentleg ytringsfridomen så viktig som alle skal ha det til, og finnast det heilt naturlege grunnar til å gje slipp på eller minska ytringsfridomen? Dei fleste er samde i at ytringsfridomen, sett i eit korttidperspektiv, er eit viktig og rettferdig verktøy for å gjere samfunnet betre for alle. Om ein derimot ser på ytringsfridomen i eit langtidsperspektiv så er saka ei heilt anna, ein kan til og med argumentera for at det er eit egoistisk verktøy. Eit verktøy som sett meiningane til menneskja, som lever i dag, framføre meiningane og framtida til alle kommande generasjonar. I tillegg er ikkje demokratiet og ytringsfridomen noko betre enn utdanningssystemet som kringset det. Og det finnast tallause døme på korleis politikarar og politiske parti har forandra skulesystemet i ei gunstig retning for dei sjølv.
Særleg aktuelt er klimaspørsmålet, kor dei menneskja som i dag nyttar ytringsfridomen sin potensielt kan bidra til auka utslepp av CO2 i atmosfæren, eller bremsa nedtrappinga av bruk av fossile brensler. Det er skremmande at folka i U.S.A. og Brasil, utan problem, har gjort to av dei største klimafornektarane, Donald Trump og Jair Bolsonaro, til presidentar i dei landa som kanskje har størst ansvar for å kutta klimagassutslepp. På same tid ser ein korleis Kina, eit land kjent for sin særs avgrensa ytringsfridom og sitt eineveldige parti, er eit av dei landa i verda som har størst potensiale for å kutta klimagassutsleppa sine. Dette er fordi dei, utan motstand frå andre parti har klart å lage ein ambisiøs klimapolitikk som, ifylgje rapporten «China Renewable Energy Outlook 2017», vil avgrensa klimagassutsleppa sine med så mykje som to tredjedelar innan 2050.
USAs president Donald Trump og Brasils president Jair Bolsonaro tek kvarandre i hendene etter toppmøtet for G20 i Osaka, 2019. Dei to statsleiarane deler syn på klimaendringar som "fake news", og utarbeidar stadig fleire reverseringar av tidlegare vedteken klimapolitikk for å minske utslepp.
Denne teksten er på inga måte eit rop om å avskaffa ytringsfridomen i Noreg eller i resten av verda, men heller eit innlegg i ein samfunnsdebatt, som vil setje ljos på dei ikkje like positive sidene med ytringsfridomen. I dag står verdssamfunnet ovanfor historias største økologiske krise og det er viktig å ikkje vere blind for tanken om at valet, om me skal kunna redda planeten, kan komma til å stå mellom eit ivaretatt demokrati på ei øydelagt planet og ein totalitær stat på ein frisk og bevart klode.
Kjelder:
https://www.leparisien.fr/faits-divers/attentat-de-conflans-une-onzieme-personne-en-garde-a-vue-18-10-2020-8403750.php henta - 19.10.2020
https://www.tu.no/live/87537 henta - 19.10.2020
Comments